Vedtekter

Vedtekter for laget  Vestlandsk Raudkolle.

 

§ 1. Føremål:

Føremålet for laget er å sikre Vestlandsk raudkollerasen som eigen storferase no og i framtida.

§ 2. Medlemskap:

Medlemar kan vera: Eigarar av storfe av Vest. raudkolle rasen, sympatisørar av rasen, lag og organisasjonar.

To personar frå kvart bruk har stemmerett. Registrerte medlemar har ei stemme kvar. Institusjonar, firma, kommunar m.f. som støttar laget økonomisk har ikkje stemmerett.

Styret står fritt til å bestemme tidspunkt for utsending og innbetaling av medlemskontingent. Medlemsskapet følger fra årsmøte til årsmøte.

§ 3: Årsmøte:

Laget vert styrt av årsmøte og det sittande styre. Årsmøte er samansett av styre og frammøtte medlemar. Årsmøte skal avholdast

kvart år, og innan 15. August Innkalling med tid, stad, og saklist til årsmøte skal sendast skrifteleg til alle betalande medlemar i laget seinast 14 dagar før årsmøtedato. Saker som skal handsamast på årsmøte vert avgjort med vanleg fleirtal av dei frammøtte medlemane som har stemmerett. Ved stemmelikskap kan leiaren for laget avgjera resultatet med bruk av dobbelstemme. Unntaket er ved valg. Då skal det avgjerast med loddtrekning.

Årsmøtesaker:

  1. Val av møteleiar og skrivar.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Laget si årsmelding.
  4. Regneskap og revisjonsmelding.
  5. Budsjett og fastsetting av medlemskontingent.
  6. Arbeidsplan for kommande år.
  7. Innkomne saker
  8. Valg.

a)   Fire styremedlemar, valde for to år.

b)   Leiaren av laget står på valg kvart år.

c)   Vara til styret i nummerrekkefølge, valde for 1 år. 1. vara til styret møter på styremøta.

d)   Livdyrformidlar har møterett til styremøta.

e)   To revisorar valde for eitt år.

f)   Valnemd på to medlemar valde for to år. Eitt medlem er på valg kvart år.

Den som sit siste året rykker opp som leiar.

g)   Valg av leiar og styre skal vere skrifteleg dersom årsmøte ynskjer det. Tillitsvalgte skal vera medlemar i laget.

h)   Styret konstituerar seg sjølv.

4§. Styre

skal leia laget mellom årsmøta. Styret skal syta for at det vert ført møtebok fra årsmøtet og samtlige styremøter i året. Styret skal til ei kvar tid disponera ajourførde medlemsliste for laget. Styret skal vere samansett slik: Leiar, nestleiar styremedlemer og 1.vara.

Laget skal ha livdyrformidling og regneskapsførar.

Styret vel sjølv nestleiar, livdyrformidlar og regneskapsførar.

Leiaren kallar inn til styremøte. Enkeltmedlemar av styre kan krevje det vert halde styremøte.

§5. Arbeidsplan for laget: 1) Syta for ein god og sunn økonomi for laget. 2) Oppretthalda eller auka dyretalet av Vest. Raudkollera- sen. 3) God og velorganisert livdyrformidling. 3) Vurdere og tilrå i forbindelse med uttak av oksekalvar til semin.4)Drive aktiv medlemsverving.5) Markedsføre rasen utad gjennom media og eiget fagblad.6) Arrangere årsmøte, medlemsmøte. 7) Påvirke avtalepartane i jordbruksforhandlingane for å få økonomi som kan stimulere til hold av gamle kurasar. 8) Sjå på tiltak for å bedre slakteprisen

§6. Vedtektsendring:

Endring av vedtektene krev minst 2/3 av røystene til medlemane som er frammøtte på årsmøte. Framlegg til endring må vera med i innkallinga til årsmøtet.

§7. Nedleggelse av laget

Krev samrøystes vedtak på eit lovleg innkalla årsmøte. Midlane som laget rår over kan då disponerast av årsmøtet til tiltak i

samsvar med laget sitt føremål.

 

Godkjente vedtekter på årsmøte 2013

Ekstra informasjon